Opna hovudmenyen
Brandval i 1923.

Brandval er eit sokn og ein tettstad i Kongsvinger i Hedmark fylke. Brandval var tidlegare eit eige prestegjeld, og fram til 1963 ein eigen kommune. Brandval har postnummer 2219.

Tettstaden Brandval ligg to mil nord for byen Kongsvinger på begge sider av Glåma, med barneskulen på vestsida og Brandval kyrkje på austsida. De to delane er knytt saman med ei hengebru. Brandval var tidlegare stoppestad på Solørbanen.

Brandval sokn er det nordlegaste i Kongsvinger, og består av Brandval kyrkje, Roverud kyrkje og Lundersæter kyrkje. Soknet og prestegjeldet vart utskilt frå Grue prestegjeld den 13. desember 1863 og høyrer i dag til Vinger og Odal prosti. Prestegarden ligg på Roverud, ei mil sør for tettstaden Brandval.

Brandval kommune vart oppretta i 1837. I 1941 vart ein del av Grue med 68 innbyggarar overført til Brandval. 1. januar 1964 vart kommunane Brandval, Kongsvinger og Vinger slått saman til den nye Kongsvinger kommune. Brandval kommune hadde ved samanslåinga 4384 innbyggarar.

KjelderEndra