Thorpe St Andrew
Thorpe St Andrew er ein landsby i Norfolk i England. Han ligg nord for elva Yare, rundt tre kilometer aust for Norwich, som han er forstad til. Thorpe St Andrew er administrasjonssenter for distriktet Broadland.
Thorpe St Andrew | |
---|---|
Styresmakter | |
Distrikt Grevskap Land |
Broadland Norfolk Storbritannia |
Geografi | |
Flatevidd | 7,05 km² |
Innbyggjarar | 13 762 |
Innbyggjarar - By (2021) |
14 526[1] |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.thorpestandrew-tc.gov.uk/ |
Landsbyen er nemnd i Domesday Book frå 1000-talet, der namnet er stava «Torp». Namnet er skandinavisk. Vikingane kom truleg til East Anglia så tidleg som år 870. I 1004 siglde Svein Tjugeskjegg opp elva til Norwich.
Delar av den opphavlege landsbyen er synlege langs Yarmouth Road, vegen austover frå Norwich til Great Yarmouth. Her ligg mellom anna soknekyrkja St. Andrew's, den gamle skulebygningen og pubane Riverside og Buck. På 2000-talet har Thorpe St Andrew blitt utvida austover, med bustadområdet Dussindale som det største tillegget.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thorpe St Andrew» frå Wikipedia på bokmål, og «Thorpe St Andrew» frå Wikipedia på engelsk den 27. mai 2012.
- ↑ 1,0 1,1 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.