Thorstein Diesen

Denne artikkelen handlar om redaktøren. For fjernsynsmannen, sjå Thorstein Diesen (1894-1962).

Halvor Thorstein Romdal Diesen (fødd 7. desember 1862 i Christiania, daud 4. september 1925) var ein norsk jurist, journalist og avisredaktør.[1]

Thorstein Diesen
Thorstein Diesen.jpg
Fødd 7. desember 1862
Oslo Sjå dette på Wikidata
Død

4. september 1925 (62 år)

Yrke politikar, journalist, redaktør, advokat
Born Einar Diesen
Thorstein Diesen på Commons
Thorstein Diesen på kontoret sitt.
Foto: Narve Skarpmoen

Etter ein oppvekst i Enerhaugen tok han examen artium 1881 og vart cand.jur. i 1886. Etter ei tid i avisa Fædrelandet var han dommarfullmektig i Voss og Hardanger 1886-90. Han var redaktør i Bergens Aftenblad 1891-98 før han vart engasjert som sekretær for Høgre av Emil Stang i 1899.

Diesen gjekk til Aftenposten som politisk redaktør 1899-1900. I 1901 byrja han som sakførar i Kristiania, og vart advokat i 1904. Han dreiv òg si eiga avis - Akersposten - fram til 1908. Då vart han nok ein gong politisk redaktør i Aftenposten. Han var redaktør 1913-1925 etter Amandus Schibsted, frå 1920 saman med Frøis Frøisland.

Diesen gav ut verka Folkeafstemning, en historik og en udredning (1912) og Fra riksretten til 1905 (1922).[1] Han omsette også verk frå fransk.

Han var far til journalisten Einar Diesen.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Arne Bonde, Thorstein R. Diesen i Store norske leksikon