Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°54′47″N 10°46′10″E

Bustadblokkene på Enerhaugen
Enerhaugen på kart frå om lag1900

Enerhaugen er eit område med fire høge bustadblokkerTøyen nord for stroket Grønland i bydel Gamle Oslo i Oslo. Næraste T-banestasjon er Tøyen. Området ligg på ei høgd, og bustadblokkene i 13-15 etasjar har dominert bybiletet frå 1965, då dei var ferdige, reist i regi av OBOS og teikna av arkitekt Sofus Haugen.

I Enerhauggata 4, på ei klippe midt mellom høgblokkene, ligg St. Hallvard kyrkje og kloster, kyrkjelydskyrkje for austre kyrkjelyd i Oslo katolske bispedømme. Kyrkja vart bygd i 1966, og er freda av Riksantikvaren på grunn av dei arkitektoniske verdiane ho har[1].

Det gamle EnerhaugenEndra

 
Stupinngata på Enerhaugen i 1959, før riving og bygginga av høgblokkene
Foto: ukjend /Oslo Museum
 
Johannesgata sett frå Stupinngata mot Sørligata i 1916.

Enerhaugen, som ein reknar med har namn etter veksten einer, vart ein slags forstad til Oslo på fyrste halvpart av 1800-talet. Opphavleg låg området under husmannsplassen Ulvebråten, som høyrde til Oslo ladegård i Gamlebyen, det opphavlege Oslo. Ulvebråten vart seld av Ladegården til lensmann Barthold Nicolai Knoph i 1811, som delte eidedomen i tre parseller, og selde til eigedomsspekulant Knud Olsen det arealet som i dag er Enerhaugen. I 1815 vart området kjøpt av Jørgen Young, si tids rikaste mann i Christiania, som stykka opp Enerhaugen i meir 70 parsellar. Her fekk arbeidsfolk rimeleg byggjegrunn utanfor sjølve byen, friteke frå det påbodet om å byggje i mur som var gjeldande i byen. I 1842 var det registrert over 1 200 menneske busett på Enerhaugen i dei små lafta husa eller bindingsverkhusa i ei høgd, eller halvannan høgd, som hadde grodd opp i høgt tempo.

Koleraepidemiar rundt 1850 råka områda aust for Akerselva hardt på grunn av små og tettfolka bustader, skral vatntilførsle og jamt over dårleg hygiene. Desse område av Aker, mellom anna Grønland med Enerhaugen, vart innlemma i byen Christiania i 1859, og det vart sett i verk tiltak for å betre tilhøva. På Enerhaugen vart det bygd nye hus, laga til vasspostar, og dei smale, krokete gatene vart gjort farbare. På slutten av 1800-talet fekk Enerhaugen sitt offentlege bad.

Fem av dei gamle husa frå Enerhaugen vart flytt og attreist på Norsk FolkemuseumBygdøy, og innreia etter skildringar i folketeljinga frå 1865 og 1891, opna for publikum i 1969. I 2011-2012 vart husa ominnreia, og to av dem, frå Johannes gate 4 og Stupinngata 10, innreia slik dei hadde vore som heimane til Augusta og Marius Andresen, som hadde budd i Johannes gate 4 frå 1909 til 1940, og dottera deira, Martha Olsen, som hadde budd i Stupinngata 10 frå 1917 til 1959. Nyinnreiinga vart gjort i samarbeid med barneborna til Martha Olsen, som hadde budd i Stupinngata 10 som små, og med basis i fleire hundre fotografi innsamla hjå etterkomarane av Augusta og Marius.

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra