Thorvald Heistein
norsk politikar
Thorvald Bernhard Heistein, fødd Olsen, (12. januar 1853–29. januar 1913) var ein sjømann, skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand. Han var medlem av Venstre.
Thorvald Heistein | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. januar 1853 |
Død |
29. januar 1913 (60 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Heistein var son til ein skipsreiar. 1870-71 lærde han seg språk i Frankrike og deretter England. Sidan var han sjømann og skipper fram til 1885. Dei neste åra arbeidde han som skipsmeklar og skipsreiar i heimbyen, frå 1893 også som dispasjør.
Heistein var i mange år medlem av bystyret i Kristiansand. Perioden 1903-06 var han 2. representant frå Kristiansand by til Stortinget. Fram til 14. mars 1905 var han medlem av konstitusjonskomiteen, sidan av næringskomité nr 1.
Han døydde i heimbyen i 1913.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914