Thorvald Hellesen
Thorvald Hellesen (25. desember 1888–22. oktober 1937) var ein norsk målar frå Oslo, kjend for sine kubist-inspirerte dekorative verk.
Thorvald Hellesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1888 Christiania |
Død |
22. oktober 1937 (48 år) |
Yrke | kunstmålar, skodespelar |
Far | Thorvald Hellesen |
Mor | Ida Hellesen |
Ektefelle | Hélène Marie Marguerite Perdriat |
Thorvald Hellesen på Commons |
Hellesen avla examen artium og gjekk så eitt år på krigsskulen, før han braut av for verte kunstnar. Deretter studerte han 1910-11 ved Statens Kunstakademi som elev under Christian Krohg. I 1912 reiste han til Paris, der han var elev hos Fernand Léger og vart kjent med avantgardistar som Pablo Picasso og andre. Han budde 23 år i Paris, med korte besøk til Oslo og København. Etterkvart vart han perifer i kunstmiljøet, og tok strøjobbar som filmskodespelar. Han vart mykje sjuk i 1937 og vart send heim til Oslo, der han døydde like etter.
Hellesen viste bileta sine i Noreg, mellom anna i 1919 i hovudstaden i utstillingshallen til Tivoli. I mars 1920 deltok han på «La Section d'Ors» sine utstillingar i Paris, same året som han laga hovudverket sitt; Les deux amis. Elles deltok han på utstillingar i «Salon des Indépendants» frå 1920 til -25. I 1925 deltok Hellesen på ei stor utstilling i Paris saman med ei rad leiande i avantgarden. Det var den fyrste internasjonale utstillinga med avantgardekunst etter verdskrigen.
Stilen til Hellesen utvikla seg til å verte meir og meir dekorativ, tenkt nytta til større veggar og detaljar til arkitektoniske uttrykk. Til sjøfartsbygningen i Oslo, påbyrja i 1923, laga han dekorasjonar av plankubistisk karakter. I 1936-37 fargesette han eksteriøret i St. Annæ Passage i København. Han laga også mønster til tekstilar mm.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thorvald Hellesen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2014.