Three Brothers på Sør-Georgia
Three Brothers er tre fjelltoppar ved nordvestenden av Allardyce Range på Sør-Georgia. Dei strekkjer seg frå nord til sør og ligg 6 km vest for toppen av Cumberland West Bay sentralt på øya. Namnet går attende til 1930-åra, men opphavet er ikkje kjend.
Three Brothers | |||
fjell | |||
Land | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Allardyce Range | ||
Topp | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°16′S 36°48′W / 54.267°S 36.800°W | ||
Førstestiging | Caradog Jones | ||
Three Brothers 54°16′00″S 36°48′00″W / 54.266666666667°S 36.8°W | |||
Kart som viser Three Brothers på Sør-Georgia.
|
25. januar 2001 klatra Caradog Jones som første mann til toppen av den høgaste av toppane.[1] Klatringa vart filma og send på walisisk fjernsyn.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Three Brothers på Sør-Georgia» (innhald frå Geographic Names Information System).