Three Slice Nunatak
Three Slice Nunatak er ein kjenneleg nunatak med ei høgd opp mot 500 moh, som ragar over den låge, isdekte nordaustenden av Joerg Peninsula på austkysten av Graham Land. Dette særeigne landmerket, i form av ein nesten 3 km lang sagtakka rygg, er snødekt utanom tre nesten vertikale fjellveggar, som har gjeve namn til fjellet. Han vart oppdaga og namngjeven av medlemmar frå East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS) som kartla området til lands og frå lufta i 1940.
Three Slice Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
• høgd | 500 moh. | ||
- koordinatar | 68°2′S 64°57′W / 68.033°S 64.950°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Three Slice Nunatak 68°02′00″S 64°57′00″W / 68.0333°S 64.95°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Three Slice Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).