Opna hovudmenyen

Tiago Mendes

portugisisk fotballspelar

Tiago Cardoso Mendes (fødd 2. mai 1981) er ein portugisisk fotballspelar som i 2011/12-sesongen spelar for spanske Atlético Madrid.

Tiago Mendes
Tiago Cardoso Mendes.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Tiago Cardoso Mendes
Kallenamn Tiago
Fødd 2. mai 1981
Fødestad Viana do Castelo
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Atlético Madrid
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1995-1996
1997-1998
1998-1999
PortugalS.C. Vianense
PortugalÂncora Praia
PortugalS.C. Braga
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2002
2002-2004
2004-2005
2005-2007
2007-11
2010-11
2011-
Portugal S.C. Braga
Portugal Benfica
Flag of England.svg Chelsea F.C.
Frankrike Lyon
Italia Juventus
Spania A. Madrid (lån)
Spania Atlético Madrid
62 (4)
75 (19)
34 (4)
56 (10)
42 (0)
49 (6)
1 (0)
Landslag
2000-2002
2002-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal
21 (2)
58 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

KarriereEndra

Mendes starta karrieren sin i heimklubben S.C. Vianense i 1995. Allereie før han starta å spela for eit fyrstelag, hadde han skifta klubb to gonger, fyrst til Ancora Praia, deretter til S.C. Braga. Sistnemnte spelte han for fram til 2002, då han vart kjøpt opp av Benfica og spelte for dei i to år.

I 2004 gjekk han over i utanlandsk fotball då han vart kjøpt opp av engelske Chelsea. I 2005 gjekk han vidare til franske Lyon, og i 2007 vart han kjøpt opp av Juventus, som han framleis offisielt spelar for. 8. januar 2010 signerte han ein lånekontrakt med Atletico Madrid som varer ut sesongen.

På landslagsnivå deltok Tiago i fotball-EM 2004 og fotball-VM 2006 i Tyskland, der Portugal tapte mot Frankrike i semifinalen. Han deltok også i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika, der han skåra to av dei tre landslagsmåla sine i ein kamp mot Nord-Korea som enda 7-0 til Portugal.

KjelderEndra

  • Engelsk Wikipedia om Tiago Mendes.