Tibro
58°25′00″N 14°10′00″E / 58.41667°N 14.16667°E
Tibro er ein svensk tettstad og centralort i Tibro kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 8 005 innbyggjarar. Tibro ligg cirka 19 kilometer nordaust for Skövde.
Staden er møbelsentrum i Sverige med om lag 80 føretak som driv med møbelproduksjon. Elva Tidan renn gjennom byen. Staden er òg kjend for eit aktivt miljø innan motocross og har det einaste motocrossgymnaset i Sverige. Anders Eriksson, som har blitt verdsmeister i enduro sju gonger, bur i Tibro og konkurrerer for Tibro MK.