Ticket to the Moon

Ticket to the Moon
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Time
A-side

«Here Is the News»

Språk engelsk
Utgjeve 11. desember 1981 (US)
9. januar 1982 (UK)
Innspelt 1981 Musicland Studios, München
Sjanger Kunstrock
Lengd 4:07
Selskap Jet
Komponist Jeff Lynne
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Twilight»
(1981)
Ticket to the Moon «Rain Is Falling»
(1982)


«Ticket to the Moon» er ein song skriven av Jeff Lynne og framført av Electric Light Orchestra (ELO).[1] Han vart gjeven ut som det fjerdesporet på albumet Time (1981) og gjeven ut på singel som ei dobbel A-side i lag med «Here Is the News» i januar 1982. Singelen nådde 24. palssen på den britiske singellista.[2] Songen minnar noko om tidlege ELO-songar med flygel og fleire strykarar enn dei føregåande singlane deira hadde hatt. Rainer Pietsch dirigerte strykarane på songen. I musikkvideoen for songen spelar Mik Kaminski fiolin.

Singelen vart òg gjeven ut i ei avgrensa biletplate som synte ELO-romskipet.

Namnet vart òg nytta om eit samlealbum i 2007, «Ticket to the Moon: The Very Best of Electric Light Orchestra Volume 2».

Lister endre

Liste (1982) Plassering
Frankrike - SNEP 4
Tyskland - Media Control 61
Irish Singles Chart[3] 17
UK Singles Chart[2] 24

Kjelder endre

  1. https://www.billboard.com/music/elektrisk-light-orchestra/chart-history/
  2. 2,0 2,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  3. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 15. februar 2015.  Enter Electric Light Orchestra in the Search by Artist field, then click Search.

Bakgrunnsstoff endre