Tidsskrift for Den norske lægeforening
norsk medisinsk tidsskrift
(Omdirigert frå Tidsskrift for Den norske legeforening)
Tidsskrift for Den norske legeforening, ofte berre kalla «Tidsskriftet», er eit fagblad som vert gjeve ut av Den norske legeforening.[1] Det kjem ut 15 gonger i året og vert sendt til alle medlemmar av foreininga, i tillegg til nokre bibliotek, sjukehus og institusjonar. Alt innhaldet vert også gjeve ut på nettstaden tidsskriftet.no, der det er fritt tilgjengeleg.[1]
Tidsskrift for Den norske lægeforening | |||
Oppretta | 1881 | ||
---|---|---|---|
Språk | norsk, engelsk, fleire språk | ||
Nettstad | http://www.tidsskriftet.no/, http://tidsskriftet.no/ |
Tidsskriftet er utgjeve av ein uavhengig redaksjon som er underlagt Legeforeningen. Bladet rommar ei rekkje artiklar om ny medisinsk kunnskap og debatt om utdanninga og arbeidet til lækjarar, i tillegg til omtale av doktorgrader og medisinsk litteratur. Det vert òg bruka som lysingsblad for ledige legestillingar.
Opplaget i 2024 var på rundt 32 260.[1]
Redaktørar
endre- Ole Kristian Harlem (1962–1987)
- Magne Nylenna (1987–2001)
- Charlotte Haug (2002–2015)[2]
- Are Brean (2015–)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Om Tidsskriftet | Tidsskrift for Den norske legeforening», tidsskriftet.no (på norsk bokmål), henta 13. mars 2025
- ↑ journalisten.no Legeforeningen: Munnkurv om redaktøravgang 12.02.2015