60°20′00″N 17°30′00″E / 60.33333°N 17.50000°E / 60.33333; 17.50000

Tierp kyrkje.

Tierp er ein svensk tettstad og administrasjonsstad i Tierps kommune i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde staden 5 377 innbyggjarar.

Tierp ligg ved Dalälven og E4 cirka 61 kilometer nord for Uppsala og 53 kilometer sør for Gävle. Blant større føretak på staden er Atlas Copco, Elastolan, Tierps järnbruk, som produserer brønnlokk.

Kjende personar frå Tierp er ishockeyspelaren Johan Holmqvist og lyrikaren Kristina Lugn.

Historie endre

Tierp voks fram etter at jernbanestasjonen og Ostkustbanan blei innvigd i 1874. Namnet kjem frå Tierps kyrkby, som ligg ei mil aust for Tierp. Staden blei municipalsamhälle innanfor Tierps landskommune i 1888, og blei utskilt frå denne i 1920 for å bli köping. Gjenforeininga skjedde i 1974, og Tierp er no administrasjonssentrum i Tierps kommune.

I 1917 hadde staden 1 200 innbyggjarar, postkontor, lege, apotek, to hotell, avdelingskontor for Stockholms handelsbank og Mälarprovinsernas bank, fleire handverkarar, tre mekaniske verkstader, trelastfabrikk, støyperi med fleire fabrikkar, dampsag, mølle, meieri og ei avis.

Bakgrunnsstoff endre