Tilje eller tile er nemning for treflaker å trø på, både i båt og hus. Ordet har norrønt opphav: þilja.

Tiljer i botnen på ein færing med hòl for opptaking.

Ti midt på gulvets tilje i den mannslagne ring
stod to med dragne knive og et belte spent ikring.

I hus kan ordet vise til tregolvet generelt, eller berre eit golvbord. Det kan og tyde dansegolv: Golvtil.


Seksring og Ottring lange,
Aarer og Øskarre mange
Ved han vel at lage
Og mage.
Tofte, Tilje, Pligt,
Mast og andet sligt,
Som er brugeligt
I Sølænders Stikt;
Sælger dem til Smellen
For Fellen
Blir betalt med Fisken paa Hjellen.

I bruksbåtar av tre er tilje treflaken ein stig på i roma mellom toftene. I Nord-Noreg er nemning plikt vanleg. Lenger sør brukar ein plikt eller plitt om ei tilje som spissar av i skuten på båten (skottplikt). Tradisjonelt er ei tilje ein flake som er laga av bord som er nagla i ein eller to tiljeåsar. Det har då vore brukt grovt tilskorne trenaglar. Tiljene er til å takast opp når båten skal ausast eller når han vert sett på land. Difor er det bora hòl i dei. Hòlet kan vere så stort at ein får tak på tilja ved votten på. Tiljene har namn etter romet dei ligg i.