Tilpassa opplæring

(Omdirigert frå Tilpassa opplæringa)

Tilpassa opplæring er eit viktig prinsipp for norsk skule, og handlar om å gi ei opplæring som passar for den einskilde eleven og som er tilpassa hans evner og føresetnader. I Opplæringslova vert tilpassa opplæring formulert som ein del av føremål med skulen og i Kunnskapsløftet er tilpassa opplæring vorte eit av dei mest sentrale omgrepa.

Kunnskapsløftet legg vekt på fremje tilpassa opplæring gjennom desentralisering. Skulen og lærarane får større handlingsrom til å lage lokale og individuelle læreplanar som så skal operasjonalisere dei større nasjonale læreplanane.

Tilpassa opplæring må ikkje forståast som spesialundervisning. Ideen er heller at ein gjennom tilpassa opplæring skal minske trongen for spesialundervisning.

Det rår brei politisk semje om at tilpassa opplæring er viktig og bør styrkjast. Usemja er langt større når det gjeld korleis ein kan eller skal få til tilpassa opplæring. Her kjem det òg inn ulike tydingar av sjølve omgrepet og om ein legg vekt på tilpassinga til einskildindivid eller på korleis tilpassing går inn som del av den sosiale samhandlinga.

Referansar

endre

1. Bachmann, Kari og Peder Haug. 2006. Forskning om tilpasset opplæring i Norge. Volda: Høgskulen i Volda-Møreforsking.