Kunnskapsløftet er ei reform av opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule. Reforma vart varsla i stortingsmelding 30 (2003-2004) som vart handsama i Stortinget 17. juni 2004, og vart gjort gjeldande frå hausten 2006. Reforma inneber endringar i innhaldet, organisasjonen og strukturen åt skulen.

Mål og innhaldEndra

Føremålet med Kunnskapsløftet er frå regjeringa si side at alle elevar skal utvikle grunnleggjande dugleikar og kompetanse for å ta del i kunnskapssamfunnet. Kunnskapsløftet skal leggje auka vekt på læring og vere med på å sikre tilpassa opplæringa for alle elevar.

Dei viktigaste endringane som reforma inneber er:

  • Styrking av grunnleggjande dugleikar.
  • Lese- og skriveopplæring vert vektlagd frå fyrste årssteg.
  • Nye læreplanar i alle fag.
  • Læreplanar som legg vekt på kompetansemål og ikkje så mykje på aktivitetar.
  • Ny fag- og timefordeling.
  • Lokal valfridom når det gjeld arbeidsformer, læremateriell og organisering av opplæringa.
  • Ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring.

Vidaregåande skuleEndra

I vidaregåande skule vart dei tidlegare 15 studieretningane erstatta av 12 utdanningsprogram; 9 yrkesfaglege og 3 studieførebuande.

BakgrunnsstoffEndra