Timeglas er ein tidsmålar danna av to kjegleforma glasilåt med fin sand eller anna granulært materiale inni. Dei to romma er bunde saman av eit trongt røyr. Når ein stiller timeglaset vertikalt renn sanden frå den eine til den andre glasdelen i løpet av ei viss tid.[1]

Timeglas

Ein brukte timeglas mykje i mellomalderen, før dei etterkvart blei erstatta av mekaniske ur. Innan sjøfart fortsette ein lenge å bruka dei fordi dei var meir pålitelege i sjø.[1]

Timeglas blir i dag nytta ein del til matlaging, til dømes for å måla tida ein koker egg, og i nokre brettspel der ein har ei viss tid til å gjera noko. I den australske nasjonalforsamlinga bruker ein timeglas under visse avstemmingar.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Timeglass» (15. februar 2009), Store norske leksikon.
  2. Senate of Australia (26 March 1997). «Official Hansard» (PDF): 2472. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Timeglas
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.