Tine Stange
Tine Stange (fødd 14. mai 1986) er ein norsk handballspelar som er aktiv i Larvik Håndballklubb. Ho vart europameister med Noreg i 2010 og har vunne både meisterligaen og cupvinnarcupen og ei rekke gongar vorte noregsmeister og seriemeister.
Tine Stange | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1986 (38 år) Tønsberg |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 178 centimeter |
Stange spelte på Ramnes IF i lågare divisjonar til 2003. Sidan har ho spelt på det norske topplaget og vunne samtlege norske seriegull i perioden. Med Larvik vann ho Meisterligaen 2011, Cupvinnarcupen 2005 og 2008. Ho er seriemeister 14 gongar, noregsmeister minst åtte gongar.
Stange landslagsdebuterte 21. juni 2007 mot Sør-Korea og deltok i sin siste landskamp mot Spania den 21. mars 2016. Ho fekk sin meisterskapsdebut under VM 2009, men fekk lite speletid i ein meisterskap som enda med norsk bronse. Året etter vart ho meir brukt då ho og Noreg vann EM-trofeet etter finalesiger over Sverige. Gjennom ni år spelte ho 50 kampar med det norske flagget på brystet og skåra 61 mål.
Merittar
endre- Handball-VM 2009: Bronsemedalje etter 31-26 mot Spania
- Handball-EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
- Meisterligaen: 2011 med Larvik Håndballklubb
- Cupvinnarcupen: 2005 og 2008 med Larvik HK
- Seriemeister: 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017 med Larvik HK
- Noregsmeister: 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2013, 2014, 2015 og 2016 med Larvik HK