Tjóðveldisflokkurin

(Omdirigert frå Tjódveldisflokkurin)

Tjódveldisflokkurin er det republikanske sjølvstendepartiet på Færøyane. Partiet ligg til venstre for sentrum i det politiske landskapet, og strir for færøyisk sjølvstende frå Danmark. Det vart skipa i 1948 som reaksjon på at Færøyane ikkje vart utropa som sjølvstendig stat etter at ei avrøysting om saka viste fleirtal for det i 1946. Partileiar har etter 1998 vore Høgni Hoydal. Partiet høyrer til Venstresosialistisk gruppe i Nordisk Råd.

Tjóðveldisflokkurin

LandFærøyane
Grunnlagt23. mai 1948
HovudkvarterTórshavn
IdeologiFærøysk selvstendighetsbevegelse, demokratisk sosialisme, republikanisme, grøn sosialisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida

Kjelder endre