Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard

gravlund for falne under andre verdskrigen

Koordinatar: 65°50′44.9″N 12°23′36.9″E

Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard, også kalla for «Russerkyrkjegarden», er ein krigskyrkjegard som ligg på Nordøya på Tjøtta.

Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard
TjøttaIInternasjKrigsKirkegård (5).jpg

Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard
65°50′45″ N 12°23′37″ E

Etter andre verdskrigen vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde i Nord-Noreg samla og gravlagde på kyrkjegarden. Ved sida av den russiske krigskyrkjegarden ligg gravene til dei døde frå fange- og troppetransportskipet MS «Rigel».

Bautaen på Krigskyrkjegarden på Tjøtta.
Foto: Finn Bjørklid

Under krigen vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde gravlagde på vanlege kyrkjegardar Etter krigen vart det bestemt at alle skulle flyttast og samlast på ein felles kyrkjegard på statens grunn på Tjøtta. Dette for betre å kunne ha oppsyn med personar frå Sovjetunionen – som ynskte å besøke gravene. Kyrkjegarden vart innvia 8. juli. 1953. I ei inngjerda fellesgrav mot nord ligg 6 725 døde. Mot sør er det 826 enkeltgraver. Alle gravene er utan namn, men ein bauta med stjerne i relieff er reist på plassen.

Fangeskipet «Rigel» var på tur sørover då britiske fly bomba det 27. november 1944. I Narvik og Bodø hadde skipet teke om bord 2248 russiske krigsfangar, 103 tyske fangar og nokre serbarar, tsjekkarar og nordmenn. Det var og nokre hundre mann tysk eskorte og norsk bemanning, slik at ein reknar med at det var 2838 menneske om bord i transportskipet. Av diese døydde 2457. Dette vert rekna som det tredje største skipsforliset i verda.

Norske krigskyrkjegardar vert forvalta av Krigsgravtjenesten.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Fjermeros, Halvor (2013): Med lik i lasten; historien om operasjon asfalt, ISBN 82 430 0755 5
  • Soleim, Marianne Neerland (2004): Sovjetiske krigsfanger i Norge 1941-1945 - antall, organisering, repatriering. Doktoravhandling. Institutt for historie. Universitetet i Tromsø. Spartacus forlag, ISBN 9788230400432
  • Ericsson, Kjersti (2009): «Når dialogen brytes» i: Tidsskrift for Norsk Psykologforening, Vol 46, nummer 1, s. 81-85

BakgrunnsstoffEndra