MS «Rigel»

norsk motorskip frå 1924
Karriere  Noreg
Namn: MS «Rigel»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Burmeister & Wain i København i Danmark
Byggekostnad: 2 223 000 kroner[1]
Verftsnummer: 326
Sjøsett: 20. juni 1924[2]
Jomfrutur: august 1924
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCVY - LDNK
Lagnad: Krigsforlist 1944
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 3 828 brt, 2 298 nrt
Daudvekt: 6 850 tdw.
Lengd: 367,5 fot (112,0 m)
Breidd: 51,5 fot (15,7 m)
Djupgang: 22,6 fot (6,9 m)
Installert effekt : BHK 1440 IHK 2000
Framdrift: 6-sylindra 4-takts dieselmotor (B & W, København)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4[1] passasjerar
Karriere  Nazi-Tyskland
Namn: MS «Rigel»
Kapra: 2. november 1944
Lagnad: Bomba 27. november 1944

MS «Rigel» (kallesignal LCVY - LDNK) var eit motorskip bygt i 1924 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Skipet var systerskipet til MS «Crux». Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Rigel er ei stjerne i stjernebiletet Orion.

Under andre verdskrigen vart skipet teken av tyskarane og 27. november 1944 vart skipet bomba av allierte fly på Helgelandskysten medan skipet var på veg sørover med russiske krigsfangar. Forskjellige kjelder oppgjev forskjellige tapstal[1], men minst 2 300 menneske mista livet i det som vart det verste krigsforliset langs norskekysten og eit av dei verste forlisa i verda nokon gong.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Burmeister & Wain i København i Danmark og kosta 2,2 millionar kroner[1] då det vart levert i august 1924.[3] Skipet vart sjøsett 21. juni 1924, og kaptein Einar Hansen vart tilsett i august 1924. Den første prøveturen vart utført 20. august.[4] Skipet gjekk inn i Den Norske Syd-Amerikalinje, som BDS var ein del av. Den første turen gjekk frå Aalborg til Brevik og det ankom Buenos Aires i Argentina den 30. september 1924.[5]

I ruta si var det stundom òg innom Nord-Amerika og Cape Town i Sør-Afrika. Hausten 1926 gjekk skipet fleire turar mellom Montreal i Canada og Bergen med korn.[6] Tidleg i 1927 passerte «Rigel» Panamakanalen og segla til New Zealand og Melbourne i Australia.[7] Etter å ha fullført jordomseglinga via Cape Town utpå våren, gjekk skipet fleire turar mellom Malaga i Spania og New York City. Farten mellom Middelhavet og New York heldt fram i 1928 og 1929. I januar 1929 la skipet ut frå Panama mot Shanghai, via mellom anna Yokohama og Manila, men det verka som om skipet gjorde vendereis etter å ha lossa i fleire hamnebyar på Filippinane. I mai dette året var skipet attende i Los Angeles og var komen til austkysten av USA i juni 1930. Først 27. oktober 1930 var skipet attende i Europa, då det gjekk til Hamburg.[8] I 1931 segla skipet til Nord-Amerika, vidare til Argentina, før det gjekk til Karibia og så til Le Havre i Frankrike utpå hausten. I november segla skipet frå Norrköping i Sverige til Buenos Aires, og i januar 1931 var skipet komen til Bergen med mais og kveite frå Sør-Amerika.

På tur til Buenos Aires i juli 1932 gjekk skipet på grunn i elva Río de la Plata på grunn av låg vassføring i elva. Skipet kom seg av grunna for eiga hjelp og kunne halde fram turen til havs.[9] Hausten 1932 segla skipet frå Frankrike til Nord-Amerika, HavannaCuba og vidare til Brasil. Farten mellom Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika heldt fram i 1933. I november 1935 segla «Rigel» frå Sverige til USA og var ute for hard vêr over Atlanteren, før det grunnstøytte i Cape Cod-kanalen. Det kom seg inn til Bradford i Massachusetts der lekkasjen som oppstod vart tetta. Skipet fortsette til New York, der det vart sett i dokk for ettersyn og reparasjon.[10] Seint i september 1936 gjekk skipet igjen på grunn i elva ved Buenos Aires.[11] Det kom seg flott att for eiga hjelp og fortsette turen til New York.

6. februar 1938 sendte «Rigel» ut radiotelegrafmelding om at lasta ombord hadde forskyvd seg og at skipet fekk slagside og var hamna i ein farleg situasjon. Skipet var då 300 nautiske mil vest av Bermuda. Dampskipet «Saperino» gjekk mot «Rigel» for å gje det assistanse ved behov.[12] Skipet var på veg til New York frå Sør-Amerika. Eit amerikansk kystvaktskip kom så ut for å vere til assistanse om «Rigel» hadde behov for hjelp. Det kunne berre bruke eine maskinen ei stund, men etter kvart kunne begge maskinane setjast i gang og det hadde ikkje lenger trong for assistanse. 11. februar var skipet framme i New York.[13]

Etter å ha gått i trampfart i mange år, kom skipet i 1938 og 1939 igjen i meir fast rute mellom Nord-Europa og Sør-Amerika,[14] og var oftare i Bergen enn før. Dette gjorde at skipet mot slutten av desember 1939 og i januar og mars 1940 deltok i konvoiar frå Noreg til Storbritannia, etter andre verdskrigen var broten ut på kontinentet. Skipet var derfor i Noreg då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940. 16. august 1940 vart skipet rekvirert som transport skip for tyske styrkar, først med norsk mannskap og norsk flagg, men frå 2. november 1944 hadde skipet tysk mannskap og tysk flagg.

Forliset i 1944 endre

 
Åtaket på DS «Rigel» 27. november 1944

27. november 1944 var skipet på veg sørover frå Bodø med tyske soldatar og krigsfangar frå tre forskjellige anløp i Nordland der tyskarane hadde leirar. «Rigel» var på veg sørover i konvoi 16 som bestod av «Rigel» og DS «Korsnes» med eskorte av dei to V-båtane «V-6308» og «NT-04». Konvoien vart oppdaga av hangarskipet HMS «Implacable», som trudde det var eit troppetransportskip. Med mange folk på dekk har det truleg sett sånn ut for angriparane. Konvoien vart på morgonen angripen av seksten allierte fly, jagarfly av typen Supermarine Seafire og stupbombarar av typen Fairey Firefly frå «Implacable».[15] Åtaket skjedde på Helgelandskysten mellom Rosøya og Tjøtta. Luftvernskytset på militærfartøya vart raskt sett ut av spel og «Rigel» vart råka av maskinkanoneld og bomber.[16] Fem bomber råka «Rigel» og rett ned i romma der fangane var. Det oppstod kraftig røykutvikling og kapteinen prøvde å setje skipet på grunn ved Rosøya, men det var for djupt for akterskipet som byrja å søkkje. Mannskapet prøvde febrilsk å få ut livbåtane, men det var ikkje nok tid, og dei måtte hoppe på sjøen.[16] DS «Korsnes» var òg i brann og vart landsett ikkje langt i frå «Rigel». Seks personar ombord her omkom. Dei to eksorteskipa vart òg fullstendig øydelagde.

Folket på Rosøya og Tjøtta høyrde smerteskrika frå båtane og prøvde å ta seg av dei hardt skadde som var kome på land. Våningshus og uthus vart fylte med såra og døyande. Distriktslegen kom til Rosøya og måtte bruke det som fanst til forbinding, som gardiner, putevar og laken. Morfin vart berre reservert til dei verste tilfella. Stundom kunne ein høyre skot av tyske soldatar som gjorde slutt på lidingane til ein del av dei mest forbrende. Heile vinteren, våren og sommaren flaut det inn lik til Rosøya når veret stod på.[17]

Kjeldene er ikkje heilt samde om kor mange som var ombord på «Rigel». I Lauritz Pettersen si bok «Hjemmeflåten - Mellom venn og fiende» vert det skrive at det var 2 838 ombord, der 2 248 var russiske krigsfangar, 103 andre fangar (åtte av dei nordmenn, resten tyskarar, hovudsakleg desertørar frå den finske fronten), eit mannskap på 29, tre losar og 455 soldatar. Ein av losane og eit kvinneleg mannskapsmedlem var norsk. Han skriv at 267 vart redda, medan 2 571 omkom.[18] Det same talet opererer Sjømennenes Minnehall i Stavern med.[19] Ei anna kjelde seier at 2 721 menneske var ombord, der 2 248 var russiske og jugoslaviske krigsfangar. 415 skal ha overlevd.[18] Uansett var dette det største tapet av menneskeliv på kysten under krigen, og det vert rekna som den største skipskatastrofen i Skandinavia[16], og blant dei verste forlisa gjennom verdshistoria.[20]

Minne endre

 
Bautaen på Krigskyrkjegarden på Tjøtta.
Foto: Finn Bjørklid

Baugen på «Rigel» var synleg i mange år.

I 1968 skreiv Helgeland Arbeiderblad at svenske sportsdykkarar hadde vore på vraket og henta opp hovudskallar.[21] Kanskje var det difor leivningane etter dei døde vart henta opp i 1969 og gravlagde på Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard. Gravplassen vart innvigd i 1970 til minne om dei som vart drepne på «Rigel».[22] Alle gravene er anonyme, men ein minnestein i form av ein kross vart reist på staden. 1 011 personar er gravlagde her.

I 1975 vart skipet hogd opp av Høvding Skipsopphugging.[16]

I 1970 vart ein song («Riegal») basert på soga om «Rigel» gjeven ut av den amerikanske psykedelisk folk-gruppa Pearls Before Swine på albumet The Use of Ashes.[23]

NRK produserte ein kort reportasje i 2004 for å markere 60-årsjubileet til katastrofen og intervjua ein av dei overlevande, den 83 år gamle Asbjørn Schultz. Tre veker seinare døydde Schultz. Videoen syner undervassbilete av vraket.[24] I ei radiosending i 1966 fortalte Schultz at konvoien vart angripen kring kl. 11 av rundt 40 fly. Mange av fangane frå skipet drukna då dei prøvde å nå land.[25]

Schultz fortalte at han var komen seg til ei kvinne der han vart liggande i skjul i 14 dagar. Ein dag vart dei overrumpla av ein tysk vaktbåt. Schultz gøymde seg i høyet på låven. Tyskarane leita overalt etter han, òg på loven, og ein tyskar hadde stått særs nær han utan å oppdage at han låg i høyet. Tyskaren hadde til og med stukke ein høygaffel i høyet utan å finne han. Tyskarane forlet til slutt øya.[26]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 828 brt, 2 298 nrt og lasteevna var 6 850 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 10 333 . Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 4-takts dieselmotor levert av B&W i København. Oppgjeven yting var 2000 iHk (indikerte hestekrefter) og 1440 bremsande hestekrefter (bhk) som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet hadde plass til fire passasjerar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «M/S Riegel». Sjøhistorie.no. Henta 22. mai 2020. 
  2. «Bergenske faar en ny stor baat». Bergen: Bergens Tidende. 20. juni 1924. s. 7. Henta 22. mai 2020. 
  3. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 44–45. Henta 17. mai 2020. 
  4. «Bergenskes nye motorskib». Bergen: Bergens Tidende. 11. august 1924. s. 7. Henta 22. mai 2020. 
  5. «Skibsefterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 1. oktober 1924. s. 7. Henta 22. mai 2020. 
  6. «Skibsefterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 2. oktober 1926. s. 7. Henta 22. mai 2020. 
  7. «Skibsefterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1927. s. 7. Henta 22. mai 2020. 
  8. «Skibsefterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 28. oktober 1930. s. 9. Henta 22. mai 2020. 
  9. «Norske skip utsatt for havarier». Bergen: Bergens Tidende. 5. juli 1932. s. 9. Henta 22. mai 2020. 
  10. «"Rigel"s havari av mindre omfang». Bergen: Bergens Tidende. 4. desember 1933. s. 9. Henta 22. mai 2020. 
  11. «Bergensbåten «Rigel» på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 1. oktober 1936. s. 3. Henta 22. mai 2020. 
  12. «Bergenskes «Rigel» i farlig situasjon vest av Bermuda». Bergen: Bergens Tidende. 6. februar 1937. s. 1. Henta 22. mai 2020. 
  13. ««Rigel» til New York idag». Bergen: Bergens Tidende. 11. februar 1937. s. 9. Henta 22. mai 2020. 
  14. «Bergenske». Bergen: Bergens Tidende. 4. august 1938. s. 11. Henta 22. mai 2020. 
  15. http://www.naval-history.net/xDKWD-HF1944d.htm C-inC HF War Diary 1944
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 «Rigel». Dykkepedia. Henta 22. mai 2020. 
  17. Gunnar Guhnfeldt, red. (1985). Alt for Norge : 40 år etter : 1945 - 1985. Oslo: Krigsinvalideforbundet. s. 47. Henta 22. mai 2020. 
  18. 18,0 18,1 «MS Rigel». Warsailors.com. Henta 22. mai 2020. 
  19. «MS. Rigel». Stavern: Minnehallen. Arkivert frå originalen 4. februar 2019. Henta 22. mai 2020. 
  20. List of maritime disasters in the 20th century på Engelsk Wikipedia. Vitja 22. mai 2020
  21. «Svenske sportsdykkere tok hodeskaller fra «Rigel»». Mosjøen: Helgeland Arbeiderblad. 29. juli 1968. s. 1. Henta 22. mai 2020. 
  22. «The War Graves Service». Ministry of Government Administration, Reform and Church Affairs. 2012. Arkivert frå originalen 15 January 2010. Henta 27 August 2012. 
  23. «Pearls Before Swine - The Riegal». YouTube. Henta 22. mai 2020. 
  24. NRK (15 April 2012). «2500 døde da Rigel gikk ned». NRK. Henta 22. mai 2020. 
  25. «Dødsskipet ”Rigel”». Henta 22. mai 2020. 
  26. Andersen, Ingvar (1985). Vegas historie. 3. Vega: Kulturetaten i Vega. s. 123. Henta 22. mai 2020.