Eit tjern eller ei tjørn (av norrønt tjarn, inkjekjønn, og tjǫrn, hokjønn) er ei nemning på eit lite vatn. Andre (uoffisielle) skrivemåtar kan vera tjenn og tjønn. Ofte ligg tjerna i ei myr eller myrliknande vegetasjon med lauvtreskog, i motsetnad til innsjøar og mange større vatn. Eit tjern kan til dømes ha danna seg ved at eit større, grunt vatn har grodd til langs kantane med torvmose.

Tjern i Sverige.
Eit tjern i USA

Omgrepet «tjern» er i hovudsak nytta om ein naturleg liten innsjø, men kan òg unntaksvis vere nytta om ein liten kunstig innsjø eller vatn, kan hende særleg der innsjøen ligg på staden for eit opphavleg naturleg tjern med det same namnet.

Kjelder endre