Torvmosar
Torvmosar (Sphagnum) eller kvitmosar er ei planteslekt sett saman av kring 200 artar. Talet varierer frå kjelde til kjelde. Nokre hevder at det finst kring 150 artar, medan andre hevder at det finst opp mot 350 artar. I Noreg finst det ca. 40-50 artar. Unnateke fire artar finst alle kjende europeiske torvmoseartar i Noreg, og Trøndelag er kjent for å ha den største artsrikdomen av torvmosar i heile verda. Det veks også sjeldne artar i Reindalen på Svalbard.
Torvmosar | |
Vasstorvmose (Sphagnum cuspidatum) | |
Systematikk | |
Rike: | Plantar Plantae |
Rekkje: | Bladmosar Bryophyta |
Klasse: | Sphagnopsida |
Underklasse: | Sphagnidae |
Orden: | Sphagnales |
Familie: | Sphagnaceae |
Slekt: | Torvmosar Sphagnum L. |
Torvmosar (Sphagnales) er ein orden i klassa bladmosar. I torvmosefamilien (Sphagnaceae) finst det berre ei slekt (Sphagnum).
Torvmosar har ikkje røter slik som karplantane. Dei tek opp alt dei treng av vatn og næringsstoff gjennom overflata. Plantane sitt svampliknande vev har evna til å absorbere store mengder vatn (opptil 20 gongar vekta av den turre mosen), og om lag 90 % av torvmosen si vekt er derfor gjerne vatn. Torvmosane er raude, brune, grøne eller gulaktige i fargen og veks i tette tuer eller tepper med 5-30 cm høge skot. Kvar plante er sett saman av ein stilk med korte sideskot i fem rekker. Dei dannar stendig nye celler i toppen og døyr nedantil, og av dette vert det danna torv.
Torvmosar finst over store delar av verda, men spesielt rikeleg i den tempererte boreale sona. Dei høyrer til dei vanlegaste moseartane på myrar og er også vanlege som botnvegetasjon i fuktige skogstrok. Dei veks helst i område med lite næring, der dei kan konkurrere ut andre plantar.
Torv er også kjend for sine konserverande eigenskapar. Frå gamalt av har torvmosar vore nytta mot hevingar, gikt og hudsjukdommar med meir. Dei er også kjende for å ha lindrande effekt på kløe etter insektstikk. Ulike typar torvmose brukast i tradisjonelt lafteverk til å tette mellom stokkane og i sjølve laftehogget. Som den beste mosen til føremålet reknast likevel ein heilt annan art, husmose eller etasjemose (Hylocomium splendens), ein vanleg moseart over heile landet. I våre dagar vert det forska på bruk av torvmosar som naturlege konserveringsmiddel for matvarer, til dømes til å ta vare på fisk.
Artar (utval)
endre- Beitetorvmose (Sphagnum teres)
- Bjørnetorvmose (Sphagnum lindbergii)
- Blanktorvmose (Sphagnum subnitens)
- Bleiktorvmose (Sphagnum flexuosum)
- Broddtorvmose (Sphagnum fallax)
- Butt-torvmose (Sphagnum obtusum)
- Dvergtorvmose (Sphagnum tenellum)
- Fagertorvmose (Sphagnum pulchrum)
- Fjelltorvmose (Sphagnum aongstroemii)
- Fløyelstorvmose (Sphagnum molle)
- Flarktorvmose (Sphagnum jensenii)
- Flattorvmose (Sphagnum isoviitae)
- Flotorvmose (Sphagnum inundatum)
- Frosttorvmose (Sphagnum olafii)
- Frynsetorvmose (Sphagnum fimbriatum)
- Furutorvmose (Sphagnum capillifolium)
- Glastorvmose (Sphagnum angermanicum)
- Grøntorvmose (Sphagnum viride)
- Grantorvmose (Sphagnum girgensohnii)
- Gulltorvmose (Sphagnum affine)
- Heitorvmose (Sphagnum strictum)
- Horntorvmose (Sphagnum auriculatum)
- Huldretorvmose (Sphagnum wulfianum)
- Kjøtt-torvmose (Sphagnum magellanicum)
- Klubbetorvmose (Sphagnum angustifolium)
- Kratt-torvmose (Sphagnum centrale)
- Kroktorvmose (Sphagnum subsecundum)
- Kysttorvmose (Sphagnum austinii)
- Lapptorvmose (Sphagnum subfulvum)
- Litorvmose (Sphagnum rubiginosum)
- Lurvtorvmose (Sphagnum majus)
- Lyngtorvmose (Sphagnum quinquefarium)
- Pisktorvmose (Sphagnum annulatum)
- Polartorvmose (Sphagnum arcticum)
- Raudtorvmose (Sphagnum rubellum)
- Rosetorvmose (Sphagnum warnstorfii)
- Rusttorvmose (Sphagnum fuscum)
- Skartorvmose (Sphagnum riparium)
- Skeitorvmose (Sphagnum platyphyllum)
- Skogtorvmose, sumptorvmose (Sphagnum palustre)
- Sphagnum apiculatum
- Sphagnum cymbifolium
- Sphagnum leucobryoides
- Sphagnum novo-caledoniae
- Spriketorvmose (Sphagnum squarrosum)
- Stivtorvmose (Sphagnum compactum)
- Svelttorvmose (Sphagnum balticum)
- Trøndertorvmose (Sphagnum troendelagicum)
- Tundratorvmose (Sphagnum tundrae)
- Tvaretorvmose (Sphagnum russowii)
- Vasstorvmose (Sphagnum cuspidatum)
- Vortetorvmose (Sphagnum papillosum)
- Vrangtorvmose (Sphagnum brevifolium)
- Vritorvmose (Sphagnum contortum)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Torvmoser» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Vitmossor» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2011.