Ein tjuknehøvel er ein maskin som vert nytta for å høvla material (tre) ned til ynskt tjukn. Maskinen er svært vanleg i trevareindustrien.

Tjuknehøvel

Slik fungerer ein tjuknehøvel endre

Tjuknehøvelen fungerer slik at du matar materiala inn i den eine enden, deretter vert dei høvla inni maskinen, før dei kjem ut på den andre sida.

Tjukneinnstillinga endre

Maskinen kan stillast inn på ulike tjukner ved å heva eller senka bordet som materiala vert mata inn på. Sjølve utføringa av dette kan variera frå maskin til maskin, men dimensjonen kan lesast av på ein skala. Vel å merka lyt ein ikkje høvla bort meir enn 2-3 millimeter om gongen. Skal ein høvla ned meir lyt ein heller senda materiala gjennom maskinen fleire gonger.

Framdrift endre

Materiala vert førte gjennom maskinen med framdriftsvalsar. Over materiala syter innmatingsvalsen og utmatingsvalsen for å få materiala inn og ut av maskina, medan undervalsane i sjølve bordet syter for at friksjonen vert minst mogleg.

Stabilitet endre

For at materiala ikkje skal klapra eller vibrera, er tjuknehøvelen utstyrt med to trykkføter. Ein framfor kuttaren og ein bakfor. Dei står tett inntil kuttarhovudet, og fungerer dimed òg som sponskjermar.

Skjeringa endre

Sjølve høvlinga er det kuttaren som står for. Kuttaren er rund, og kan ha 2-4 stål. Høvlinga skjer ved at kuttarhovudet roterer, og dimed vert trevirket høvla når ståla tek nedi materialet.