Tjuvfjordlaguna ligg på Edgeøya, ein del av Svalbard. Ho er skild frå Tjuvfjorden; sørvest på øya, ved eit innløp på omlag 500 meters breidd. Området er vidare avgrensa av ein morenerygg. Laguna er Svalbards og Noregs største.

Deltabreen i nordaust kalvar ut i laguna.[1][2] Dyrdalen med Dyrdalselva (omlag 20 km lang). Det største dalføret på øya ligg nordvest av lokaliteten.

Mange fugleartar hekkar her; spesielt vadefuglar. Botnen i Tjuvfjordlaguna er karakterisert som eit tørrfallsområde. Djupna varierar mellom 0 til 2 meter, avhengig av tidevatnet. Arealet varierar då også tilsvarande; frå minimum omlag 37 kvadratkilometer, til maksimum omlag 50 kvadratkilometer.

Kjelder

endre
  1. Arctic Pilot: Sailing directions Svalbard–Jan Mayen 7. Stavanger: The Norwegian Hydrographic Service and The Norwegian Polar Institute. 1988. s. 362. ISBN 82-90653-06-9. 
  2. «Tjuvfjordlaguna (Svalbard)». Norwegian Polar Institute. Henta 3. september 2013. 

77°32′40″N 22°47′27″E / 77.5445°N 22.7908°E / 77.5445; 22.7908