Tma
Tma (russisk Тьма) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 142 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 850 km². Elva har ei middelvassføring på 13,7 m³/s.
Tma | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 850 km² | ||
Lengd | 142 km | ||
Middelvassføring | 13,7 m³/s | ||
Munning | Volga | ||
Tma 56°50′40″N 35°39′21″E / 56.84444444°N 35.65583333°E | |||
Wikimedia Commons: Tma River |
Kjelda til Tma er i nærleiken av landsbyen Denezjnoje på sørsida av Vysjnevolotskojhøgda. Elva er islagd frå byrjinga av desember til tidleg i april.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Тьма (река)» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.