Tobysj
Tobysj (russisk Тобыш) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Tsilma frå venstre.
Tobysj | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 610 km² | ||
Lengd | 393 km | ||
Kjelde | Timanhøgdene | ||
Munning | Tsilma | ||
Tobysj 65°29′35″N 51°00′36″E / 65.493056°N 51.01°E |
Ho er 393 km lang og har eit nedslagsfelt på 6610 km². Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i mai.
Dei største sideelvane hennar er Siabujakha og Sareda frå venstre og Bolsjoj Toman frå høgre.
Tobysj har utspring i Timanhøgdene nær grensa til Nenetsia nordvest i republikken Komi. Ho renn først sørvestover og så sørover. Nesten heile elva renn gjennom øydemark. Elva er svingete, særleg i dei nedre delane.
Tobysj munnar ut i Tsilmu litt etter Myla.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Тобыш (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.