Nenetsia (russisk Ненецкий автономный округ) er eit autonomt område (okrug) langs kysten av Ishavet i Nordaust-Europa i Russland. Det høyrer under Arkhangelsk oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den Russiske Føderasjonen. Det blir avgrensa i vest av Kvitsjøen, i nord av Barentshavet, i nordaust av Karahavet, i aust av Jamalo-Nenetsk, i sør av Republikken Komi, og i vest av Arkhangelsk oblast. I tillegg til fastlandsområdet høyrer øyane Kolgujev og Vajgatsj til Nenetsia. Karaporten skil Vajgatsj frå Novaja Zemlja, som høyrer til Arkhangelsk oblast.

Nenetskij avtonomnyj okrug
Ненэцие’’ автономной округ  

Nenetsia sitt flagg
Nenetsia sitt flagg
Nenetsia sitt våpen
Nenetsia på kartet over Russland
Hovudstad Narjan-Mar
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 20.

176 700 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 85.

ca. 42 090[1] (2010)
ca. 0,24/km²

Føderalt distrikt Nordvestlege
Økonomisk region Nordlege
Regionsnummer 83
Offisielt språk Russisk, nenetsisk
Guvernør Alexander Tsybulsky
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Geografi endre

Landskapet er stort sett flatt. Dei største høgdedraga er Uralfjella i aust og den 300-400 meter høge Timan-ryggen i vest. Over 75 % av Nenetsia er tundra, berre heilt i sør er det skog. Viktige dyr er rein, fjellrev, rev, isbjørn, sel og kvalross. Den største elva er Petsjora, 220 km av ho er på Nenetsia sitt område. I tillegg er det mange mindre sjøar og elvar. Klimaet er arktisk. Årsnedbøren varierer mellom 280 og 420 mm.

Gjennomsnittstemperatur i Nenetsia månad for månad endre

Månad Temperatur °C
januar -12
februar -12
mars -8
april -1
mai +6
juni +12
juli +15
august +13
september +8
oktober +1
november -5
desember -10

Folkesetnad endre

Nenetsia sitt folketal er 42 090 (2010), og folketettleiken er 0,24 per km². Etter Sovjetunionen sitt samanbrot har folketalet gått noko ned. I 2010 fordelte Nenetsia sitt folketal seg på ulike etniske grupper slik: Russarar 63,3 % (26 648), nenetsar 17,8 % (7504), komiar 8,6 % (3623), ukrainarar 2,3 % (987). I tillegg var det 4,3 % av folkesetnaden som ikkje oppgav etnisk bakgrunn.[1] Den slaviske delen av folket bur hovudsakleg i Narjan-Mar og dei andre tettstadene, nenetsane bur for det meste i landsbyane og på tundraen. Største delen av nenetsane snakkar det uralske språket nenetsisk, som er offisielt språk attmed russisk.

Den einaste byen er Narjan-Mar (nenetsisk for «Raudbyen»), der det bur 21 700 menneske (2010). Andre tettstader er Iskatelej (6881) ikkje langt unna Narjan-Mar og Amderma (600 innb. i 2002) i nordaust. Omtrent 68 % bur i tettstader.[1]

Styringsform endre

Administrativt høyrde Nenetsia under Arkhangelsk oblast, men etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Nenetsia eint eige føderasjonssubjekt i Russland, på line med Arkhangelsk. Nenetsia er delt inn i ein bykommune, to tettstadkommunar og 17 landsbykommunar (район, rajon), med i alt 43 landsbyar. Kommunane blir styrt av eit representantskap (Sobranije deputatov). Kvar kommune vel ordførar og representantskap i regionale val.

Selsovjet endre

Nenetsia består av fylgjande selsovjet:

Økonomi endre

Nenetsia sin økonomi er grunnlagt på reindrift, olje og gass, og fiske. I tillegg er det ein del pelsdyrjakt og -avl, seljakt, og næringslivs- og treforedlingsindustri. Jordbruket produserer meieriprodukt, potetar og drivhusgrønsaker. Dei viktigaste olje- og gassfelta er i dei austre delane av området, i Timan-Petsjora. Narjan-Mar er ikkje vegfast med omverda, dei viktigaste transportvegane er via luft og vatn, ikkje minst langs Petsjora. Dei viktigaste hamnene er i Narjan-Mar og Amderma.

Historie endre

Nenetsia vart ein del av Russland på slutten av 1400-talet. Ved munningen av Petsjora, ved breidda av Pusto-sjøen vart byen Pustozersk, på komi Sar-dor) grunnlagt i 1499, denne byen miste den militære og kommersielle rolla si på slutten av 1700-talet. Til byen flytte det i laupet av hundreåra både russarar og komiar.

Den samojediske nasjonale krinsen (край) vart skipa i 1929, som eit resultat av Stalin sin nasjonalitetspolitikk. Narjan-Mar vart administrativt senter i 1932. Krinsen vart endra til "område" (округ), dvs. fekk ein høgare status, i 1977.

Nenetsane var nomadar som levde av reindrift, jakt og fiske. På 1930-talet vart dei kollektivisert inn i reindrifts- og fiske-kolkhosar, og russarane og komiane vart kollektivisert til fiske- og landbrukskolkhosar. Nokre av nenetsane busette seg på 1930-1950-talet i landsbyar rundt dei nyoppstarta kolkhosa, og levde som fiskarar og jegerar for kolkhosa. På 1960-talet vart det starta ein aktiv politikk for å gjere reindriftsnomadane bufaste, familiane vart busette i landsbyar, medan berre mennene var på tundraen og dreiv med rein. Denne politikken var berre delvis vellukka, for òg i dag er det mange nenetsiske samfunn som lever på tundraen, som nomadar.

På 1920-talet vart det oppretta eigne skoleinternat for nomadeungane. Undervisninga har vore på russisk, med eit par timar i veka på nenetsisk.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nenetsia