Tolbatsjik er ein kompleks vulkanKamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han består av to vulkanar, Plosky (flat) Tolbatsjik og Ostry (skarp) Tolbatsjik, og som namna tyder på så er den eine ein flat skjoldvulkan og den andre ein bratt stratovulkan.

Tolbatsjik
fjell
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Skjoldvulkan og stratovulkan
Høgd 3 682 moh.
Siste utbrot 1976
Lettast tilkomst Lett fjell/snøklatring
Koordinatar 55°49′48″N 160°19′48″E / 55.830°N 160.330°E / 55.830; 160.330
Kart
Tolbatsjik
55°50′N 160°20′E / 55.83°N 160.33°E / 55.83; 160.33
Wikimedia Commons: Tolbachik volcanic complex

Vulkanane er fleire tusen år gamle, men det siste utbrotet kom i 1975. Før utbrotet kom ei rekkje jordskjelv, som førte til at forskarar klarte å føresjå utbrotet. Utbrotet danna fleire nye sinderkjegler og ut i frå kor mykje lava som kom ut var utbrotet det største basaltiske utbrotet på Kamtsjatka i historisk tid.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.