Toljatti

by i Russland

Toljatti eller Togliatti (russisk Толья́тти) er ein by i Samara oblast i Russland. Han er det adminsitrative senteret i Stavropolskij rajon og har like over 700 000 innbyggjarar. Han er den største byen i Russland som ikkje er hovudstad i eit føderasjonssubjekt.

Toljatti
Тольятти
Horisonten til Toljatti
Horisonten til Toljatti
Flagget til Toljatti Byåpenet til Toljatti
Flagget til Toljatti Byvåpenet til Toljatti


Plassering
Toljatti is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Samara oblast
Grunnlagd 1737
Borgarmeister Anatoli Pusjkov
Geografi
Flatevidd
 - By

315 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

705 300
  2 239 /km²
Koordinatar 53°29′N 49°31′E / 53.483°N 49.517°E / 53.483; 49.517
Høgd over havet 90 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
SAMT (UTC+4)
SAMST (UTC+5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 445xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)8482
Bilnummer 63, 163
Nettstad: portal.tgl.ru/

Han vart grunnlagd i 1737 som ei festning kalla Stavropol-na-Volge (russisk Ста́врополь-на-Во́лге) av den russiske politikaren Vasilij Tatisjtsjov. Under bygginga av Volga vasskraftverk i 1950-åra vart byen lagt under vatn av Kujbysjovreservoaret ved Volga og byen vart flytta og heilt bygd opp att på ein ny stad. I 1964 fekk byen namnet Toljatti (etter Palmiro Togliatti, ein minister i det italienske kommunistpartiet.

Toljatti er eit stort industrisentrum. Mest kjend er bilfabrikken Lada, den største bilfabrikken i Russland. Byen har òg maskin-, kjemi- og næringsmiddelindustri, seks universitet og høgskular, fleire museum, eit filharmoniorkester, teater og kulturhus. Han er òg kjend som ein idrettsby.

Rådhuset (duma)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Toljatti