Tolvtavleloven

Tolvtavleloven (latin Lex Duodecim Tabularum) er den sogeomspunne forfatninga til den romerske republikken, og dermed òg grunnlaget for romarretten.

Løyvet til dei tolv tavler i utgåve frå 1744

Tavlene er ikkje verna og det finst heller ikkje noko fullt avskrift, slik at ein må kompilera han av fragment frå ulike romerske historikarar og juristar.

Opphav og skjebneEndra

Den romerske historikaren Titus Livius (59 f.Kr.-17 e.Kr) skildrar i det monumentale historiske verket sitt Ab urbe condita ('Frå grunnlegginga av byen'), korleis Tolvtavleloven blei til i to omgangar i 450 og 449 f.Kr. Lovane var patrisiarstyret sitt svar på eit gammalt folkekrav om å gjera elles hemmeleg lovgjeving offentleg, altså eit tidleg døme på medvit om rettstryggleik. Etter at lovane var vedtekne blei dei hengde opp på tolv tavler i det romerske forumet. Dette var tolv bronsetavler.

Tavlene blei heilt øydelagde under gallarinvasjonen av Roma i 390 f.Kr. og blei aldri offisielt gjenoppskrivne eller gjenoppsette. Dette kan moglegvis koma av at dei tolv tavlene allereie då var blitt ein så integrert og underforstått del av den juridiske kvardagen til romarane at ein ikkje fann behov for dette. Tolvtavleloven til mista likevel aldri tydinga si som juridisk, nasjonalt og historisk referansepunkt.

InnhaldEndra

Tolvtavleloven er i dei fragmenta som er kjente eit eineståande vitnesbyrd om ein særs tidleg privat- og prosessrett og mos maiorum og inneheld òg døme på erstatningsrett etter prinsipp som framleis blir nytta.

KjelderEndra