Tomannsmotorsag


Tomannsmotorsag er ei motorsag som er så stor og tung at det krevs to mann for å bruka ho. Dei fyrste sagene av denne typen kom på marknaden på 1920-talet. Dei hadde ofte ein masse på rundt 50 kg. Tomannssagene dominerte marknaden til etter 2. verdskrig, då det kom sager med ein masse på rundt 20 kg. Desse var lette nok til at ein mann klarte å handsama dei åleine, og tomannssagene vart utkonkurerte.

Dolmar tomannsmotorsag.

Det svenske førtaket Archimedes AB produserte tomannssager i perioden 1940 til 1049, som dei i stort mon leverte til det svenske forsvaret.