Archimedes AB var eit svensk føretak i Sundbybergs kommun som produserte motorar. Førtaket vart stifta i 1907 av brørne Carl Alrik og O. W. Hult. Archimedes produserte fleire motortypar, men er spesielt kjent for å ha vore ein av dei fyrste produsentane av påhengsmotorar.

I 1941 vart føretaket kjøpt av Electrolux, men motorproduksjonen heldt fram. Electrolux kjøpte òg påhengsmotorprodusenten Monark Cresent, og i 1966 vart produksjonen overført dit. Archimedes var i bruk som varemerke for båtmotorar fram til 1979.

I perioden 1940 til 1949 produserte Arkimedes motorsager. Sagene, som var tomannsmotorsager, vart produserte for Svenska försvarsmakten. I 1946 var Archimedes ei av sagene som var med i offentlege samanliknande testar i Noreg[1].

Referansar endre

  1. Vevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9, 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.