Tomas Northug
Tomas Northug (fødd 19. april 1990) er ein norsk tidlegare langrennar frå Mosvik i Nord-Trøndelag, medlem i Strindheim IL. Han hevda seg einast i sprint-øvingar.
Tomas Northug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. april 1990 (34 år) Mosvik kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 2015 |
Northug vann sprint-tevlinga ved junior-VM 2010. Han streva med å nå nasjonalt toppnivå, einast i 2015-sesongen fekk han jamnt delta i verdscuprenn. Under tevlingane i Davos i desember 2014 vart han sjette- og sistemann i sprintløypa. Den 17. januar 2015 overraska han med å vinne sprinten ved verdscuprenna i Otepää. Dermed kom han med i troppa til Ski-VM 2015 i Falun. I finalen enda han på femteplass, storebroren Petter Northug vann tevlinga. Etter den tid hamna Tomas Northug i bakleksa og la opp i 2017.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 2014: Nr 4 i sprint på Lillehammer
- Ski-NM 2015: Nr 5 i sprint på Røros
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tomas Northug» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2022.