Tommy Urhaug
Tommy Urhaug (fødd 16. juni 1980) er ein norsk paralympisk bordtennisspelar. Han er Noregs fremste funksjonshemma bordtennisspelar og ein av verdas beste i sin klasse. Han har to Paralympiske gullmedaljar, fire VM-gull og ni EM-gull.[1][2][3] Urhaug kjem frå Manger i Radøy kommune og spelar for Stord Bordtennisklubb.[4] Han har representert Noreg i sju Paralympiske Leikar.[1]
Tommy Urhaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1980 (44 år) Bergen |
Idrett | bordtennis |
Tok del i | Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske sommarleikar 2008 |
Utmerkingar | Regjeringens paralympiske ærespris |
Urhaug er fødd med sjukdomen nevrofibromatose og sit difor i rullestol.[4] Han er likevel ein av Noregs beste spelarar i klassen for funksjonsfriske og er på verdsrankinga over dei funksjonsfriske. Urhaug har fått prisen Årets funksjonshemma idrettsutøvar i Noreg under Idrettsgallaen tre gonger, i 2002, 2007 og 2008.[5]
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstadArkivert
- «Tommy Urhaug» (på engelsk). Paralympic.org. Henta 15. april 2023.Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- ↑ 1,0 1,1 «Tommy Urhaug vant gull i Paralympics for andre gang etter finalethriller», NRK (på norsk bokmål), 3. september 2024, henta 3. september 2024
- ↑ Dong, Sophia (3. september 2024), «Norway’s Tommy Urhaug Returns to Paralympic Glory After 12 Years», International Table Tennis Federation (på engelsk), henta 3. september 2024
- ↑ «Nytt EM-gull til Urhaug», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 14. oktober 2015, henta 3. september 2024
- ↑ 4,0 4,1 Haukaas, Per Randers (3. april 2015), «Tommy fra Manger ble best i verden», Bergensavisen (på norsk), henta 3. september 2024
- ↑ Bøyum, Kim (4. januar 2014), «Tommy Urhaug vant pris igjen», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 3. september 2024