Tone Bleie (fødd 26. mai 1957) er ein norsk samfunnsforskar.

Tone Bleie
Fødd26. mai 1957
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Bleie er dr. philos. i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen. I perioden 1984-2006 var ho tilsett som forskar ved Chr. Michelsens (CMI). I periodar var ho engasjert som bistandsadministrator for Redd Barna Sørasia og UN sin regionale kommisjon for Asia og Stillehavet (ESCAP).

I 2006 vart Bleie tilsett ved Universitet i Tromsø (UiT), ein fireårsperiode som direktør ved Senter for fredsstudier, ellers som professor i offentlig politikk og kulturforståing. Sidan tida ved Senter for Fredsstudier har Bleie leia ei internasjonal ekspertgruppe på reintegrering av soldatar etter fredsslutningar. Støtta frå norsk UD, var Bleie i 2013 sekundert til UNDP i Ny York som seniorrådgjevar for alle SN-organisasjonane som samarbeidde globalt om avvæpning, demobilisering og reintegrering. I 2014 grunnla hp eit transnasjonalt kulturarvinitiativ (SSINherit) som kombinerer forsking og formidling på sosiale media med utoverretta verksemd som talskvinne for minoritetsgruppa Santalane sin rett til innsamla kulturarv i varetekt hjå norske kulturinstitusjonar.

Bibliografi

endre
  • 2008 - Solidarity 2008: Economic and Social Rights of Indigenous Peoples
  • 2010 - Multiverse of Democracy: Is a Culture of Constitutionalism the Agenda?
  • 2015 - Use and Abuse of "Tribal" Cultural Heritage: The Santal Bodding Museum Collection as a case for wider debate

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre