Tone Haugen

norsk fotballspelar

Tone Haugen (fødd 6. februar 1964) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Osen i Sør-Trøndelag, som vart verdsmeister med Noreg i 1995. Ho vann og VM-sølv i 1991 og OL-bronse i 1996, mellom anna. Haugen var ein iherdig midtbanespelar.

Tone Haugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1964 (60 år)
Namsos
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Olavstatuetten

Klubbspel endre

Frå 1980 til -83 utmerkte Haugen seg i lokal fotball med heimlege Steinsdalen IL. I 1984 byrja ho på ei lang karriere med Trondheims-Ørn, det komande topplaget i norsk kvinnefotball. Med unnatak for vel eitt år frå september 1994, då ho var mellom dei norske spelarane i japanske Nikko, var Haugen ein sentral spelar i Trondheims-klubben til sesongslutt i 1997. Frå 2000 til -04 var ho spelande trenar i Fortuna Ålesund.

Landslagsspel endre

I åra frå 1984 til -96 deltok Haugen i 90 landskampar og skåra 19 mål. Ho var med då Noreg vann Fotball-EM 1987 med finalesiger over Sverige, og jamvel i startellevaren både i EM-finalen 1989 og VM-finalen 1991, to kampar som begge enda med norske tap. I 1995 vann ho og Noreg VM-finalen mot Sverige. Haugen avslutta med å ta del i bronsefinalen under Sommar-OL 1996, eit oppgjer Noreg vann og tok bronse.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1995 med Noreg
  • Europameister: 1987 med Noreg
  • EM-sølv: 1989 med Noreg
  • VM-sølv: 1991 med Noreg
  • OL-bronse: 1996 med Noreg
  • Noregsmeister: 1993 og 1997 med Trondheims/Ørn
  • Seriemeister: 1993, 1994, 1996, 1997 med Trondheims/Ørn

Kjelder endre