Tonje Brenna

norsk politikar

Tonje Brenna (fødd 21. oktober 1987) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er kunnskaps‑ og integreringsminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1] Ho har vore fylkesrådsleiar i Viken fylke frå 2020.

Tonje Brenna
Tale ved Tonje Brenna.jpg
Fødd21. oktober 1987 (35 år)
Holmlia
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Brenna var medlem i Akershus fylkesting frå 2007 til 2019, vald for Arbeidarpartiet. Mellom 2010 og 2012 arbeidde ho som generalsekretær i Arbeidarane si ungdomsfylking. I perioden mellom 2012 og 2013 var ho politisk rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet og ved Statsministerens kontor. Hausten 2019 var ho Arbeidarpartoet sin fyrstekandidat til fylkestingvalet i Viken fylke. Fylkestinget valde henne til å leie fylkesrådet.

Brenna var av dei som berga seg under terroraksjonen på Utøya 22. juli 2011.

KjelderEndra

  1. «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Tonje Brenna