Tonsåsen

Tonsåsen er ei bygd og eit skogsområde mellom Bagn, Bjørgo og Bruflat. Bygda ligg delvis i kommunane Etnedal og Sør-Aurdal i Innlandet fylke. Tidlegare var det eigen Jarnbanestasjon på den no nedlagde Valdresbanen, Tonsåsen stasjon. Gjennom mange år var det handsaming av tuberkulosepasientar på Tonsåsen sanatorium.

Tonsvann med tåke og måne
Foto: John Erling Blad
Frå Tonsåsen sanatorium, foto teke rundt 1890
Foto: Carl Curman

Under den andre verdskrigenEndra

Under angrepet på Noreg i 1940 var det harde kampar i bygda mellom Valdresgruppa og Gruppe Adlhoch. Dei tyske styrkane stod fast i ei norsk sperrestilling ved Tonsåsen sanatorium ved Madslangrud og sende eit kompani i ei omgåande rørsle over Leirskogen for å gå rundt dei norske styrkane som hadde trekt seg tilbake frå Høljarast. Desse støytte så på norske styrkar i kampen ved Breidablikk.

Seinare bygde dei tyske styrkane opp ein stor lytte og peilestasjon i bygda, eller ein radarstasjon. Dette bestod av Würzburg Riese 1 60°51′44″N 09°35′43″E, Würzburg Riese 2 60°51′47″N 09°36′03″E og Freya 60°50′47″N 09°37′03″E Fundamenta for Würzburg Riese 1 og 2 kan sjåast på høgda rett austom Os Gjestegård og på ei høgd eit par hundre meter lengre aust. Fundament for Freya vert brukt som portstolpar i innkjørselen rett vest for gjestegården. Berre få kilometer unna bygde dei norske heimestyrkene opp ein illegal radiostasjon for kontakt med England. Denne vart aldri peila av tyskarane. Nokre mil unna, i Base ELG inne i Vassfaret, var det eit radiofyr for flygingar frå England. Heller ikkje dette vart peila, moglegvis på grunn av problema radaren skapte for dei som opererte mobile peileanlegg.

KjelderEndra