Opna hovudmenyen

Michael Anthony Orlando Cassavitis (fødd 3. april 1944), betre kjend som Tony Orlando, er ein amerikansk songar og var frontmann i Tony Orlando and Dawn tidleg i 1970-åra. Han vart oppdaga av produsenten Don Kirshner, og hadde songar på hitlistene alt i 1961, då han var 16 år gammal, med «Halfway to Paradise» og «Bless You». Orlando vart så produsent sjølv, og frå tidleg alder vart han forfremma til visedirektør i CBS Records, der han hadde ansvaret for avdelinga April-Blackwood Music. Han song under namnet «Dawn» i 1970-åra, og då songane vart hittar, reiste han på turne og gruppa vart «Tony Orlando and Dawn». Dei hadde fleire songar som vart store hittar, som «Candida», «Knock Three Times» og «Tie a Yellow Ribbon Round the Ole Oak Tree». Gruppa var programleiarar for eit fjernsynsprogram, «The Tony Orlando and Dawn Show» på CBS frå 1974 til 1976, og vart så oppløyst i 1978. Orlando heldt fram som soloartist, og spelte i Las Vegas og Branson i Missouri.[1] Orlando var programleiar for New York City-delen av MDA Labor Day TelethonWWOR-TV sidan 1980-åra. Han slutta i showet i 2011 då Jerry Lewis fekk sparken frå Muscular Dystrophy Association.

Tony Orlando
Tony Orlando crop.jpg
Tony Orlando i 2014
Fødd3. april 1944 (75 år)
FødestadNew York by
FødenamnMichael Anthony Orlando Cassavitis
OpphavNew York City i USA
Aktiv1961 til i dag
SjangerPop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Five Gents, Wind,
Tony Orlando and Dawn
PlateselskapBell Records
Verka somSynging

Innhaldsliste

DiskografiEndra

AlbumEndra

  • Bless You (1961)
  • Make Believe (1969) (med 'Wind')
  • To Be With You (1976)
  • Livin' for the Music (1977)
  • Tony Orlando (1978)
  • I Got Rhythm (1979)

KjelderEndra

  1. Jones, Joy (November 30, 1999). «Orlando dawns a new era». Sun Herald. 

BakgrunnsstoffEndra