Tony Woodcock

britisk fotballspelar

Tony Woodcock, fullt namn Anthony Stewart Woodcock, (fødd 6. desember 1955) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var angrepsspelar på Nottingham Forest, FC Köln og Arsenal FC.

Tony Woodcock
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 6. desember 1955 (69 år)
Eastwood i Nottinghamshire
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Woodcock fekk sin ligadebut med andredivisjonslaget Nottingham Forest heilt på tampen av vårsesongen 1974. Fyrst eit par år seinare spelte han seg til fast plass i fyrsteellevaren. Han bidrog mykje til at Forest rykte opp til 1. divisjon våren 1977. Eitt år seinare stod han og lagkameratane att som engelske ligameistrar og vinnarar av ligacupen 1978. Våren 1979 lukkast Nottingham Forest å vinne ligacupen på ny, for så å vinne med 1-0 over Malmö FF i europacupfinalen på Olympiastadion i München.

Sommaren 1979 vart Woodcock overført til tyske FC Köln, ein klubb han spelte for fram til 1982. Dei fire sesongane mellom 1982 og 1986 tente han Arsenal FC i heimlandet. Der etter flytta han tilbake til Köln i Tyskland. Han spelte så to sesongar for FC Köln og frå 1988 til -90 for andredivisjonslaget Fortuna Köln.

Landslagsspel

endre

Frå mai 1978 til februar 1986 deltok Woodcock i 42 landskampar. Han representerte England under europameisterskapen 1980 og verdsmeisterskapen 1982. I alt skåra han 16 landslagsmål.

Merittar

endre
  • Vinnar av europacupen: 1979 med Nottingham Forest
  • Engelsk ligameister: 1978 med Nottingham Forest
  • Engelsk ligacupvinnar: 1978 og 1979 med Nottingham Forest

Kjelder

endre