Tor André Ljosland
norsk politikar
Tor André Ljosland (fødd 10. desember 1982) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han er tidlegare nestleiar i KrFU[1].
Tor André Ljosland | |||
Fødd | 10. desember 1982 (42 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Rebekka Ljosland | ||
Alle verv |
Ljosland har sete i kommunestyret i Notodden kommune frå 2003 til 2011 og var gruppeleiar for Notodden KrF frå 2007 til 2011. Ved kommunevalet i 2007 var han landets yngste ordførarkandidat.[1] I KrFU har Ljosland vore organisatorisk og etter det politisk nestleiar (2004–2006), og internasjonal nestleiar (2008–2009).[1] Han var fylkesleiar for Telemark KrFU i perioden 2001-2003. Frå 2011-13 var Ljosland politisk rådgjevar for byråd Lisbeth Iversen i Bergen kommune
Ljosland er gift med Rebekka Ljosland, byråd for helse og omsorg i Bergen.