Tore Nordtvedt

norsk fotballspelar

Tore Nordtvedt (fødd 24. mai 1944) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen, som spelte på Sportsklubben Brann i 17 sesongar, 1963-1979. Han vann eitt seriegull og to cupmeisterskap med klubben.

Tore Nordtvedt
Fødd 24. mai 1944 (78 år)
Bergen
Yrke fotballspelar

Sidebacken Nordtvedt debuterte på Brann våren 1963, i ein kamp mot oslolaget Lyn. I sin debutsesong var han med å vinne 1. divisjon og verte norsk seriemeister. Sidan var han delaktig då Bergens-laget sikra seg NM-pokalen i 1972 og i 1976. Han la opp etter 1979-sesongen, etter å ha delteke i 305 seriekampar og i alt 557 kampar i Brann-drakta. Ingen spelar har vore med i så mange kampar og triumfar for SK Brann. Ein einaste gong kom han på skåringslista.

MerittarEndra

  • Seriemeister 1963 med Brann
  • Cupmeister 1972 og 1976 med Brann
  • Tapande cupfinalist 1978 med Brann

KjelderEndra