Torgeir Berge

Torgeir Andreas Berge (17. februar 189730. april 1973) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Fusa i Hordaland. Han representerte Vestfold og ArbeidarpartietStortinget i tida 1950 til 1961.

Torgeir Berge
Fødd 17. februar 1897
Død

30. april 1973 (76 år)

Yrke politikar

Berge var son til ein gardbrukar. Frå 1913 til -16 arbeidde han i industrien og på anlegg. Etter å ha vorte agronom frå Stend jordbruksskule i 1918, var han mellom anna i arbeid på gardar i Kvam og i Fana. Frå 1921 til 1926 forpakta han prestegarden i Arna. Der etter var han styrar ved Sandar kommunale gardsbruk til 1950.

Berge var medlem i Sandar heradsstyre frå 1945 til 1955. Ved stortingsvalet hausten 1949 vart han vald til å representere Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget. Sidan vart han attvald i dei neste to stortingsvala. Han var medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1950-57 og i Landbrukskomiteen 1958-61.

Berge var formann i Sandefjord og Sandar mållag 1936-46 og styreformann i Sandar kommunale mølle 1945-49. Seinare var han styreformann 1957-69 i Direktoratet for Statens skogar.

KjelderEndra