Sjå òg Fana i Mali

Fana er ein bydel i Bergen, med om lag 37 000 innbyggjarar (2010).[1] Fram til 1. januar 1972 var Fana ein eigen kommune, som vart slått saman med Bergen kommune 1. januar 1972, saman med Arna, Laksevåg og Åsane. Han hadde då 44 402 innbyggjarar. Fana er med sine 176,5 km² den geografisk største bydelen i Bergen, og den av bydelane som har mest jordbruk att, samstundes som han er bydelen med størst folkevekst.

Kart over bydelane i Bergen.
Fana bydelshus

Nesttun var kommunesenter fram til samanslåinga, og sidan bydelssenter fram til bydelsadministrasjonen blei nedlagt sommaren 2004.

Verd å vitja endre

Fana kommune før 1972 endre

Fana kommune omfatta òg dagens Ytrebygda bydel og delar av dagens Årstad bydel. Dagens Fyllingsdalen bydel var del av Fana kommune fram til 1955. Fana var den mest folkerike kommunen i Hordaland før dei store kommunesamanslåingane på 1960- og 1970-talet.

Kjelder endre