Torjus
mannsnamn
Torjus er eit norsk mannsnamn danna frå Torgjuls som igjen er ei form av Torgils. Dette namnet er sett saman av det norrøne gudenamnet Þórr (Tor) og og sisteleddet gísl, som kan visa til eit slags våpen eller våpenskaft.
Namneberarar
endre- Torjus Hemmestveit (1860-1930), norsk-amerikansk skihoppar og -løpar
- Torjus Alten (f. 1937), norsk sivilingeniør
- Torjus Hansén (f. 1973), norsk fotballspelar
- Torjus Vierli (f. 1977), norsk musikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Torjus» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2009.
- «Torgils» i Store norske leksikon, snl.no.