Torolv Hesthamar (f. 1924 ) er ein norsk lokalpolitikar og målmann frå Ullensvang herad i Hardanger. Han er far til radiodokumentarkvinna Kari Hesthamar.

Politikar endre

Hesthamar sat som ordførar i Ullensvang herad i 16 år, har sete i heradsstyret og vore styremedlem i Kommunenes Sentralforbund. Då Landssamanslutninga av Nynorskkommunar vart skipa, var Hesthamar ei av dei viktigaste drivkreftene.[1] Ei av kampsakene til Hesthamar var m.a. at kommunane som ynskjer det kan nytta nemninga herad i staden for kommune.

Målmann og andre verv endre

Som målmann sat Hesthamar har han vore både medlem, styremedlem og leiar i Ullensvang Mållag. Frå denne tida har mållaget gjeve ut både diktsamlingar, songbøker og namnebøker.[1]

Elles har Hesthamar vore styremedlem i Hardanger Folkemuseum, Ullensvang Kunstlag, Ullensvang Skogråd og Sparebanken Hardanger. Han var også leiar for Ullensvang Skogreisingsnemnd.[1]

Utmerkingar endre

Hesthamar har motteke Kongens fortenestmedalje i gull og «Heidersteikn frå Kommunenes Sentralforbund». I 2008 fekk han også ein målpris frå Ullensvang Mållag. Ordførar Solfrid Borge var til stades under utdelinga på Utne Hotell, og uttalte at «Det var på høg tid at du fekk han». Ullensvang Mållag er i dag eit av dei største mållaga i landet.[2]

Referansar endre