Landssamanslutninga av nynorskkommunar
interesseorganisasjon for nynorsk kommunar
(Omdirigert frå Landssamanslutninga av Nynorskkommunar)
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak. Føremålet er å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.
Skipingsmøte for LNK vart halde på Bryne 16.–18. juni 1993, med 86 kommunar som medlemmer.
Per 31. desember 2018 hadde LNK 124 medlemmer: 102 kommunar, 4 fylkeskommunar, 18 regionråd og andre kommunale selskap
Dagleg leiar er Vidar Høviskeland, Solfrid Borge er styreleiar (2021). LNK gjev ut nyheitsbrevet LNK-nytt kvar fredag, og driv nettstadane LNK.no, Magasinett.no, Pirion.no og Framtida.no.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre