Torpoint (kornisk Penntorr) er ein by i Cornwall i England. Han ligg på den andre sida av Hamoaze i tilhøve til Plymouth.

Torpoint

kornisk Penntorr
Torpoint krigsminnesmerke
Torpoint krigsminnesmerke
Torpoint krigsminnesmerke
Plassering
Torpoint is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Grunnlagd 1774
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 457
Koordinatar 50°23′N 4°12′W / 50.383°N 4.200°W / 50.383; -4.200
Diverse annan informasjon
Postnummer PL11
Telefon-retningsnummer 01752
Nettstad: www.torpointtowncouncil.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Torpoint

Namna til byen kjem frå Tek Point («Tjæreodden»), eit namn som vart gjeve til området fordi ein dreiv med tjæring av skip der. Det vart bygd ei primitiv form for tørrdokk, der skip vart segla inn ved høgvatn slik at dei la seg over på sida og kunne tjærast ved lågvatn. Sjølve byen vart grunnlagt av sir Richard Carew-Pole1700-talet. Han voks som ei følgje av at arbeidarar ved verftet i Devonport busette seg der, og mengda innbyggjarar auka endå meir då Royal Navy opna treningsbasen HMS Raleigh på vestsida av byen.

Torpoint er forbunde med Plymouth og Devonpoint med tre ferjer. Dei trekkjer seg sjølv over ved hjelp av lenkjer. Lenkjene blir søkkt under overflata mellom turar, slik at annan skipstrafikk kjem gjennom sundet.

Kjelder

endre