Torsten Pederssen Trøften

Torsten Pederssen Trøften (16. september 18163. mai 1868) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Odalen i Hedmark.

Torsten Pederssen Trøften
Fødd 16. september 1816
Død

3. mai 1868 (51 år)

Yrke politikar

Trøften var son til ein gardbrukar på Trauten i Nord-Odal. Han tok over farsgarden i 1844 og dreiv denne til han døydde. Frå 1840 var han ordførar i bygda, eit verv han hadde i om lag 20 år. Også medlem av forlikskommisjonen. Trøften, som hadde mange kommunale verv, fekk stifta Odalens brannkasse.

Han representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1859 til 1866. Heile tida var han medlem av tollkomiteen, frå 1862 også av valkomiteen.

Trøften døydde på garden sin i 1868.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914